Visemusikaren Nicolay Leganger fekk æra av å opne møtet i fellesnemnda måndag ettermiddag.

Les saka her
– Sangen handlar om naboskap, natur, kjærleik og dei som har ofra mykje for at vi skal ha det godt, fortalde komponisten etter framføringa.

Dei vakre tonane hans fylte kommunestyresalen på Manger måndag ettermiddag. Den lokale låtskrivaren har skrive ein eigen song om Alver og det gode venskapen mellom kommunane.
– Det kjentest høgtidleg å få framføre tekst og melodi for fellesnemnda, sa Leganger.

Inspirert av oppveksten
Leganger beundra arbeidet fellesnemnda gjer, og den samarbeidsviljen og godheita som er på tvers av dagens kommunar. Teksten til «Alver hymne» er spesielt inspirert av oppveksten og tida ved Lindås Gymnas.
– Sangen har blitt til over lang tid. Eg blei aldri heilt fornøgd med teksten, men i fjor fall han på plass, sa komponisten.

Fellesnemnda var arena for sjølve urframføringa av «Alver hymne». Sangen er ingen offisiell Alver-song, men politikarane syntest det var stas at Leganger kom og framførte den nye visa.

Leganger er eit kjent ansikt i viseklubbmiljøet i Hordaland. Han har stifta og er og leiar for fleire viseklubbar. Sjølv bur han på Hundvin i Lindås kommune. Låten «Alver Hymne» er tiltenkt ein plass på det nye albumet hans «Glede».