FRIVILLIGPRISEN: Johan Nicolay Leganger tok denne veka imot veka frivilligprisen for Lindås kommune 2016. Her saman med fungerande ordførar, Nina Bognøy, som leverte ut prisen. Foto: Silje Andvik Hoaas, Lindås kommune
FRIVILLIGPRISEN: Johan Nicolay Leganger tok denne veka imot veka frivilligprisen for Lindås kommune 2016. Her saman med fungerande ordførar, Nina Bognøy, som leverte ut prisen. Foto: Silje Andvik Hoaas, Lindås kommune

Når eg jobbar frivillig får eg mykje meir igjen enn eg gir.

Det seier Johan Nicolay Leganger, som måndag denne veka vart tildelt frivilligprisen for Lindås kommune 2016.

Vart overraska

Leganger, som bur på Hundvin, og er kjend i lokalmiljøet for å vera svært engasjert innan all slags frivillig arbeid, trudde han vart invitert på frivilligkonferanse i Nordhordlandshallen for å framføre nokre viser. Overraskinga vart difor stor då han forstod at frivilligprisen gjekk til han sjølv.

– Eg vart fantastisk overraska. Då det vart snakk om at vinnaren var nokon som dreiv med musikk trudde eg det var Eikanger Bjørsvik som skulle vinna, men så var det meg, utbryt Leganger.

– Betyr mykje

Per-Ole Ekker, leiar i Frivilligsentralen, stadfestar av prisvinnaren vart svært overraska – og synleg rørt.

– Johan Nicolay betyr mykje for lokalsamfunnet. Han bruker mykje av seg sjølv og sin tid til sitt frivillige arbeid, seier Ekker.

Leganger har budd på Hundvin i Lindås kommune i fem år. Dei siste tre åra har han utmerka seg ved å jobba frivillig på mange plan.

– Han har mellom anna starta opp «Strilen artist- og viseklubb» og «Stallens visevenner», som er organisasjonar som sørger for musikkens og kulturens fremme, seier Ekker.

LES OGSÅ: «Underleg å foreslå å kutte Frivilligsentralen»

Kurs for flyktningar

Seinast i haust har Leganger, eller «Nicken» som han av nokre også vert kalla, halde gitarkurs for flyktningane på Vågseidet.

– Det har vore veldig givande, eg har vorte som ein bestefar for dei. Ungane har opplevd mykje og ber mykje med seg – musikk er terapeutisk og kan verka positivt for dei i vanskelege situasjonar. Gjennom kurset har dei også fått anledning til å prata ut, og sjølv om dei verkar smilande og blide, kjem det også fram triste kjensler når ein kjem innpå dei.

LES OGSÅ: Difor strikka Anja eit døgn i strekk

Vil ikkje ha heile æra

Leganger påpeiker at han ikkje vil ha heile æra for frivilligprisen.

– Det er hundre menneske som fortener denne prisen meir enn meg. Det må dugnad til for få til alt vi gjer på Hundvin. Ein ting er å ha ein idé, ein visjon og eit ønske – men har man ikkje venner som kan hjelpa til, vert det ikkje noko av. Draumer vert til røyndom når folk går saman, seier prisvinnaren Leganger.