Når sola senkar seg i havet og går ner
ser eg det vakraste av alle syn eg ser.
Når alle fargar målar himmelens melodi
veit eg at eg vil vera her i Alver all mi tid.
I Alver.
Her er eg blitt heil. Her vil eg bli.
All mi takk gjer eg til grenda mi
som elskar bygd og folk, og let alt godt få gro.
Dei vennesæle grannane som freistar fred og ro.
I Alver.
Eg ser ditt andlet lyse mot meg soleblid,
eg kjenner no at det vil alltid vera vi.
Når sinnet syngjer denne sæle melodi,
veit eg at eg vil vera venen din i all min tid
i Alver.
Her er eg blitt heil. Her vil eg bli.
All mi takk gjer eg til grenda mi
som elskar bygd og folk, og let alt godt få gro.
Dei vennesæle grannane som freistar fred og ro.
I Alver.
Eg ser eit flagg i vinden, og eg veit så vel
at ætta ofra for å gje oss denne kveld.
Dei gav sitt liv til landet som var dei så kjær.
Dei som vi har å takka for det gode livet her
i Alver.
Her er eg blitt heil. Her vil eg bli.
All mi takk gjer eg til grenda mi
som elskar bygd og folk, og let alt godt få gro.
Dei vennesæle grannane som freistar fred og ro.
I Alver.