Når sola senkar seg i havet og går ner
ser eg det vakraste av alle syn eg ser.
Når alle fargar målar himmelens melodi
veit eg at eg vil vera her i Alver all mi tid.
I Alver.
Her kor eg er heil. Her vil eg bli.
All mi takk og kjærleik vil eg gi
til dei som elskar bygda si, og er ho tru.
Dei vennesæle naboar som gjer det godt å bu
i Alver.
Når så ditt andlet lyser mot meg soleblid,
då kjenner eg at det vil alltid vera vi.
Når sinnet syngjer denne sæle melodi,
veit eg at eg vil vera venen din i all min tid
i Alver.
Her kor eg er heil. Her vil eg bli.
All mi takk og kjærleik vil eg gi
til dei som elskar bygda si, og er ho tru.
Dei vennesæle naboar som gjer det godt å bu
i Alver.
Eg ser eit flagg i vinden, og eg veit så vel
at ætta ofra for å gje oss denne kveld.
Dei gav sitt liv til landet som var dei så kjær.
Dei som vi har å takka for det gode livet her
i Alver.
Her kor eg er heil. Her vil eg bli.
All mi takk og kjærleik vil eg gi
til dei som elskar bygda si, og er ho tru.
Dei vennesæle naboar som gjer det godt å bu
i Alver.